Å fyre rett og godt
Å sjå på lyset frå flammane og kjenne strålevarmen frå eldstadar er ein bit av det gode liv.
Med bakgrunn i nokre aha-opplevingar som feiar, der eg har sett eit mønster i behov, vil eg tilby kurs i korleis ein kan fyre godt og trygt.
Kva kan me hjelpa deg med?

Føredrag og kurs
«Eg trudde ikkje dette var mogleg», er ei tilbakemelding eg ofte får når eg er ute på heimebesøk for å gi tips og råd om fyring.
Som fyringsmeister vil eg tenne gneista for fyringsglede hjå andre. Eg stiller gjerne med kurs og føredrag der eg tek for meg fyring, omn, ved, pipe og utstyr. Her har me fokus på hyggefaktoren, men sjølvsagt også tryggleik og gode fyringsvanar.
Kurset kan tilpassast ulike målgrupper, både for bedrifter og i privat samanheng. Ta kontakt for opplegg og pris.

Fyringsråd og heimebesøk
Treng du hjelp til å få peisen eller omnen til å fungere slik du ønskjer? Eg kjem gjerne heim til deg for å sjå på eldstaden og gi deg råd om korleis du kan få meir varme, mindre røyk og betre trekk.
Saman testar me ut løysingar og fyrer opp med tørr og god ved, slik at du kan kjenne korleis ei god fyring skal vere i praksis.
Heimebesøket varer i cirka to timar, og eg tilpassar det etter dine behov og spørsmål.

Montering og rehabilitering
Eg tilbyr muring, montering og rehabilitering av både peisar og piper – med fokus på kvalitet, tryggleik og godt handverk.
Har du ei gammal pipe som treng fornying, eller ønskjer du å få på plass ein ny og effektiv eldstad, hjelper eg deg med alt frå planlegging til ferdig montering. Eg tilpassar arbeidet etter huset ditt og dine behov.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om løysingar, prisar og kva som passar best for deg og bustaden din.
Har du nokre spørsmål, eller ønskjer du å ta ein uforpliktande prat om behova dine?
Fyringsglede.
Å sjå på lyset frå flammane og kjenne strålevarmen frå eldstadar er ein bit av det gode liv.
Med bakgrunn i nokre aha-opplevingar som feiar, der eg har sett eit mønster i behov, vil eg tilby kurs i korleis ein kan fyre godt og trygt.
Som barn var vi mykje i skogen og frå 12 års alderen tok eg ut min første ved. Veden blei hogd med øks og frakta heim med traktoren på småbruket, ein Shibaura SU 1540 4x4. Nokre år seinare vart skogbruk på landbruksskulen eit favorittfag.
Interessa for funksjonane til ein eldstad har vakse seg til etter kvart. Å fyre rett og godt er til glede og nytte. Skal vi lykkast med fyringa treng vi kunnskap. Kunnskap om ved og korleis ein skal behandle ved er det viktigaste du sjølv kan tileigne deg. Ein av mine kundar sa ein gong eg hadde fyrt opp i eldstaden hans: «Dette trudde eg ikkje var mogleg». Å tileigne seg den kunnskapen på eit kurs har vist seg å vere det beste, sjølv om du har fyrt i mange år tidligere eller er ny som fyrbøtar.
Knut Sigve Lillemo

Knut Sigve Lillemo AS
Bjoavegen 11, 5582 Ølensvåg
Org.nr: 916335229
Åpningstider
Mandag - Fredag 08:00 - 16:00
Lørdag - Søndag Stengt
Ta kontakt for ein hyggeleg prat om kurs, heimebesøk eller montering.